søndag den 16. september 2012

Gensyn med Nepal -2


Aaahhh ...Nepal. Dette tenkjer eg kvar dag. Er saa deilig aa vere her igjen, og eg har det fantastisk.

Kvar morgon vaknar eg klokka 5 av at dei lokale tilkallar diverse gudar, ved hjelp av forskjellige bjeller og roykelse. Lyden fraa bjellene blandar seg med lyden av tutande bilar, bjeffande gatehundar og harkande, spyttande menn. Klokka sju staar eg opp, og et pannekaker i ein groen hage.



Eg har proevd aa komme i kontakt med dei lokale og unngaa andre turistar, og for nokre dagar sidan skulle eg moete ein lokal mann som heiter Manoj. Me skulle moetast utanfor kontoret hans, men eg gjekk meg sjoelvsagt saa mykje vill at han maatte komme ut og leite etter meg. Det foerste eg tenkte daa me moettest og sat paa kontoret hans og drakk te, var: Hm, kva gjer eg eigentleg her.


Men etter ein halv time var det som om me alltid hadde kjent kvarandre! Me fortsette aa snakke og snakke i timevis, og sidan har me motst fleire gonger kvar dag.



Forskjellige menn kom og gjekk ut av kontoret og konverserte litt med meg, medan dei saag alvorlege og viktige ut. (Ingen damer, for dei var heime og vaska og laga maten klar til mennene) Overalt er det saa mange folk som kjem og gaar, at eg ikkje forstaar systemet. Saann var det paa dette kontoret og. Ein mann var politikar og religios songar, og var dessutan sonen til grunnleggaren av den lokale skulen i den landsbyender der eg var frivillig sist eg var i Nepal. Han kom med eit tilbod om aa arrangere ein pianokonsert der eg kunne spele. Hm...nei trur ikkje det. Ein annan bitteliten mann kom og inn og snakka og snakka til meg og inviterte meg heim for aa ete hos foreldrene, men det passa ikkje saa godt akkurat daa, saa..

Manoj har tidlegare jobba som filmmodell, eller noko saann, og han viste meg ein 40 minutt lang musikkvideo der han sjoelv hadde hovudrolla :-D Det var ein ti aar gammal film,som var filma paa den nepalesiske landsbygda. Veldig morsomt.

I gaar moette eg ein annan lokal ung mann, Bishesh. Me var paa cafe, og kjoerte turar rundt i Kathmandu paa motorsykkel. Veldig kjekt og eksotisk! Og stoevete og braakete. :-)




Det er lurt og kjekt aa kjenne dei lokale:
Fraa ein av dei fekk eg til doemes ein oppdaert oversikt over kva for nokre timar det (ikkje) er straum i kathmandu. Kjekt aa vite kva tid eg ska ta lommelykta med meg ut.
Eg vart og informert om at det skulle vere streik halve dagen i gaar (Det er det ofte her) og det er ei ganske nyttig opplysing, fordi det betyr at all transport er forbudt. Reiser kan med andre ord ikkje planleggast paa slike dagar. Dersom folk likevel kjorer ut, kan det hende at dei vert slaatt med stokkar, og at motorsykkelen dei kjorer paa vert brent.
Lokale kjensfolk betyr og at ein kan finne hemmelege plasser som ein ellers ikkje ville finne. For eit par dagar sidan hadde eg tenkt aa ete paa ein cafe eg fann, men fekk vite fraa Manoj at eg ikkje skulle gaa der pga at staden har ein daarleg hygiene. I staden vart eg geleida inn ei dor og opp nokre morke trapper ein plass der eg aldrig sjolv ville ha tenkt paa a gaa inn, - og hokus pokus saa var eg plutseleg i ein cafe saman med berre lokale nepalesarar, og der den lokale retten dhal bhat tarkari vart servert i store porsjonar og med saa masse paafyll som ein ville ha. Og for eit stort maaltid inkludert ei flaske brus og ein kopp te skulle eg berre betale tjue kroner!


Folk i Nepal er saers imoetekommande, og naar eg gaar paa gata er det alltid nokon som helser. Nokon fordi dei vil selge meg noko, men ofte fordi dei berre vil helse eller snakke. I gaar var det for eksempel to soete hoeflege gutar paa cirka 14-16 aar, som stoppa meg og sa: "Unnskyld madame, men haaret ditt er veldig veldig vakkert." Seinare same dag var det nokre soete skulejenter i 12 aars alderen som gjerne ville snakke og bruke den engelsken dei laerer paa skulen. #how are you# I am fine# what is your name# Etter den litle konversasjonen gav dei meg hofleg handa og sa takk for samtalen, det var kjekt aa snakke med deg.


I dag skal eg kanskje moete ei jente eg jobba med sist eg var her, eller moete han som leiar organisasjonen eg jobba for, med henblikk paa aa moete sponsorungen min paa barneheimen. Og/eller moete nokon andre, eg har ein halv avtale om tre timar.

I morgon skal eg ut av Kathmandu, for aa sjaa litt meir gront, og ikkje minst for aa puste inn litt frisk luft! Veit ikkje heilt kvar eg skal enno, men kanskje opp paa eit kloster som ligg paa ein liten fjelltopp ikkje saa langt her i fraa.

To be continued.. :-)

PS: Telefonnummeret mitt er +977 9803625807

Ingen kommentarer: