mandag den 17. september 2012

Gensyn med Nepal - 4


Eg gjekk meg ikkje vill i Patan :-)

Taxisjaafoeren sette meg av paa den avtalte staden, og der kom Shambu og henta meg paa motorsykkel. Me kjoerte heim til han, der han bur saman med foreldre, kone og to ungar paa 6 og 1 aar. (Veldig soete! Ho eldste snakka og snakka til meg paa engelsk, utan ein einaste pause, og den yngste hang paa ryggen til bestemora.)

Paa taket hadde dei ein groensaks- og urtehage, og fantastisk utsikt over Kathmandu og Patan. Her plukka Shambu forskjellige urter, som han laga te av.

Etter at me hadde drukke te gjekk me ein tur, og han viste meg rundt i byen.
Patan er ein ganske koseleg by, som er kjend for kunst og handverk, med lange tradisjonar. Shambu jobbar (som saa mange andre i Patan) med aa lage religiose bronsefigurar. Han viste meg verkstaden der dei vert laga, -kjekt aa sjaa.

I Patan er det veldig mange tempel, baade buddhistiske og hinduistiske, og i nesten alle templa me gjekk forbi var det folk som bad og ofra til gudane. Shambu tok meg med inn i det eine av dei buddhistiske templa. Det var fint og magisk: Begynte aa bli morkt, ingen straum, mange stearinlys, og mange lokale som venta paa ein eller annan prest og heilag person.

Etterpaa vart eg invitert paa middag heime hos Shambu og familien. Me gjekk innom ein marknad paa vegen for aa kjoepe gronsaker. Her sat folk i boder med stearinlys, og selde frukt, groensaker, kjoet og fisk. Maten hos Shambu og familien bestod av mange smaa rettar, som me sat paa golvet og aat med hendene.





Etterpaa vart eg kjoert heim paa motorsykkel..

I dag hadde eg eigentleg planlagt aa reise til eit tibetansk munkekloster og kanskje bu der eit par dagar, men det har velta ned med regn heile dagen, saa eg ventar og ser det an. Har likevel sjekka ut fraa hotellet, og flytta inn paa eit anna, som er billigare.

I morgon skal eg oppleve den aarlege kvinnefestivalen, Teej.

Ingen kommentarer: