fredag den 20. maj 2011

Bergen

Særs imponerande at eg no har fått heile TO faste lesarar, det må feirast med eit nytt innlegg ;-)

For eit par veker sidan (Dårleg start på ei bloggsetning. Alle bloggsetningar burde begynne med "i dag") var eg i Bergen ei langhelg. (Veldig lang helg)
Som vanleg er ikkje bildene representative for heilheten, sidan eg berre tok bilder av og til, av det halve, men her er iallefall eit lite utval.
Eg trur eg brukte det meste av tida på å kjøpe klede (Slik er det jo når ein kjem frå København til storbyen Bergen City, vert heilt overvelda av det store butikkutvalet ;-) Elles besøkte eg folk og var på kaféar. Eg var óg på teater og såg Alt om min mor, og såg Siren spele for fyrste gong! (Altså.. ho spelte ikkje for fyrste gong, men det vart fyrste gong eg såg ho spele :-)


(Dette er altså eit bilete av teateret, for dei som ikkje såg det..)



I flyet leika eg amerikansk turist, som sat og tok bilder av skyene gjennom flyvindauga.



Eg budde hos Synnøve og Øystein.
(Det poetiske namnet på neste bilde er: "Fin hund, stygg sofa")



Me drakk kaffi, spelte spel, åt god pizza og høyrte Kings of convenience.




Og var NESTEN på fjelltur.




Ein kveld var eg på besøk hos Jens og Yvonne. Me åt jordbær og kjekt. (Skulle stå kjeks :-D Søt feil :-)


Og så var ute og åt med Åsmund. (Her sit han og ber om at eg ikkje skal bestille like mykje mat som sist, då eg kjøpte dobbel porsjon, så han skal sleppe å bli flau)


Rundt omkring i byen hang venene mine på store plakatar.
Siren her:



Og Elin der:



Eg har ein mistanke om at dei kanskje tok ein del bilder før dei fann nokon å velge ut og forstørre opp...for då EG prøvde å ta bilder av siren og elin, gjekk det slik:



Elles...så besøkte eg m.a. Toli




og søte Endre



og tok bilder av framande folk



og møtte synnøve og synnøve på torgalmenningen




Mamma og pappa kom frå Stord, og me var i 16 års bursdag til kusine Ingrid. Der tok eg visst ingen bilder, for plutseleg fekk eg det travelt og skulle nå flyet til Danmark.



Bergensbandet Kings of convenience får det siste ordet: