tirsdag den 26. oktober 2010

Brunch

Brunch på Vesterbro, med Heidi, Isabella og Rebecca, den siste dagen i haustferien. Han som jobba i caféen begyndte plutseleg å snakke engelsk til oss, og vart overraska då han fekk svar (på engelsk) frå litle Isabella. Me oppklara at det er fordi ho (og Rebecca) er halvt sør afrikanske, og då viste det seg at det var han óg. (Heilt) Så plutseleg, og heilt fram til det kom fleire cafégjester, var eg den einaste i caféen som ikkje kunne eit einaste ord på afrikaans. Eksotiske Vesterbro.























Praha

I haustferien var eg i Praha, saman med Monika og Veronika, som eg kjenner fordi me budde i same hus i Camphill Clanabogan. Monika er sveitsisk og Veronika er tjekkisk. I Praha budde me i leiligheten til Veronika og den nigerianske kjærasten hennar, Ambrose.

Frå venstre: Monika, Veronika og eg.




Hausten var fin i Praha:



























Og maten var god. Veronika har vore vegetarianer i mange år (men er det ikkje no) og Monika er vegetarianer når ho reiser (fordi ho berre et økologisk kjøt), derfor var det lett å bli einige om gode plasser å ete, og Veronika visste kvar dei låg. Me åt mest indisk mat (delvis inspirert av at det tilfeldigvis var indisk filmfestival medan me var der. Kjekt! :-) Dessutan var me på ein vegetarisk café midt i Praha, ein vegansk café ein annan plass i Praha, og på caféen til Hare krishna ein tredje plass.











Og heime i leiligheten deira laga Ambrose afrikansk mat til oss:



Monika spesifiserar: Nigeria.



I byen var det kaldt og mange turistar, men sikkert ikkje så mange turistar som om sommaren. Første gong me hadde tenkt å gå den obligatoriske turen på Karlsbrua var det så mange turistar der at me måtte snu. Men då me kom tilbake seinare om kvelden på ein kvardag var det betre. Og fint lys :-)











Ein av dagane var me på café og møtte Martina, som óg har budd i Camphill Clanabogan.

Og elles så drakk me te og var på caféar og gjekk turar.