mandag den 8. oktober 2012

Bildene frå Nepal. Og lyden.


No har eg lagt bilder inn frå Nepal. Tok eigentleg ikkje så mange. Har lagt dei inn der dei passar i bloggen, så bla tilbake i innlegga Nepal 1- 7 om du vil sjå dei. :-) Men først: Trykk på denne her, som bakgrunnsmusikk. Den var bakgrunnsmusikken på både første og andre tur til Nepal, fordi dei spelte den overalt. (Først og fremst i turistgatene, men óg ved den buddhistiske stupaen.) Og mellom 2009 og 2012 vart den spelt som bakgrunnsmusikk då eg drøymte om å reise...

lørdag den 6. oktober 2012

Gensyn med Nepal - 7


Og berre liksom for å dokumentere alt:

Det siste blogginnlegget skreiv eg om morgonen same dagen som eg skulle reise frå Nepal. Morgonane begynte tidleg der, så eg hadde framleis ikkje sjekka ut frå hotellet. Etter internettcafeen gjekk eg på turistcafe med god kaffi og god kald limonade. Manoj skreiv sms for å avtale kva tid me skulle møtast seinare på dagen, Shambu skreiv sms for å ønske meg god tur, og Bishesh ringte for å sei god tur og at han håpte eg hadde hatt ein god ferie i Nepal. Og det hadde eg!

På veg til og frå caféar og minibank og fotoframkallingsplass møtte eg gatefolk som eg har møtt så ofte at eg føler nesten eg kjenner dei. Ein liten mann som sel eit nepalesisk instrument sa: Der er du igjen. Kvifor går du så mykje fram og tilbake? Kva skal du i dag?
Og ein annan ung mann som har eit trekkingfirma som han prøver å få kundar til ved å finne dei på gata, og som eg har møtt og snakka med nesten kvar dag, spurte enno ein gong om me ikkje snart skal gå på cafe saman. Eg sa eg skulle reise, og han skunda seg å gi meg email adressa si: Eg syns me skal halde kontakten! Hm tja..

Klokka 12 gjekk eg tilbake til hotellet for å sjekke ut. Spurte om eg kunne la bagasjen stå til om kvelden, og det kunne eg. (Han eg snakka med om bagasjen har forresten studert i Trondheim, og han skal tilbake om ein månad. Eg gjorde eit stort nummer av å informere om at eg har søskenbarn som bur der.)



Etter bagasjegreier skulle eg eigentleg møte Manoj, men då var det så mange folk på kontoret hans at eg sneik meg ut igjen. Istaden gjekk eg ut og henta bilder, og kjøpte ullteppe. (Som eg ikkje betalte overpris for!) Etter det møtte eg Manoj, og me gjekk ut for å ete momo. Det gjorde me nesten kvar dag, så no er eg litt avhengig, og må ut og leite etter momo i Danmark.



Seinare drog me ut for å kjøpe garn. Eg har før kjøpt økologisk, plantefarga nepalesisk garn i Danmark, så hadde ein ide om at det var smart å kjøpe i Nepal. Manoj visste kvar eg kunne få kjøpt garn utanfor turistgatene, og kjørte meg dit. Det viste seg at det var kjemisk farga garn frå New Zealand. Jaja.. Var fine fargar og billig iallefall, så eg endte med å kjøpe ein kilo. Det kosta mindre enn 50 kroner! Følte meg veldig lokal då me humpa derifrå på motorsykkelen og eg sat bakpå med ein kilo garn i armane.

Paknajol.Humpete gater utanfor to av hotella eg budde på.

Ein kilo garn


Om kvelden henta me bagasjen min på hotellet, og Manoj sørga for billig taxi til flyplassen, og fulgte meg dit. Fordi eg no plutseleg hadde så mange posar sa han til taxisjåføren at han skulle kjøre innom ein plass der dei selde billige vesker/baggar, så eg fekk kjøpt ein stor bag til alle dei lause posane. Den var så stor at eg angra på eg ikkje hadde handla meir, for no hadde eg plutseleg plass til det.

Ja, og så kjørte me ut til flyplassen...og eg sat i taxien og såg ut på Kathmandu i kveldsmørket, og lurte på kva tid eg får eit neste gjensyn med Nepal..