onsdag den 25. april 2012

torsdag den 5. april 2012

Påske i Bergen



Rett før påske var eg på før-påskeferie i Bergen. Eg budde hos Synnøve og Øystein, og det var som vanleg koseleg. Dagane var (óg som vanleg) prega av kaffi, mat og Kings of convenience.






Om fredagen besøkte eg Trude og nesten nyfødde Marta, men det gløymte eg å ta bilder av, fordi eg hadde hendene fulle av knekkebrød og marta.

Eg var óg på Godt brød med Siren, for å bruke eit gavekort eg hadde fått av ho. Toli kom óg innom:

Véret var veldig skiftande. Sol og blå himmel det eine øyeblikket, og snø og snøstorm det neste. Men regn var det tross alt ikkje..

Laurdagskvelden besøkte me Jens og Yvonne i det nye huset deira:





Jens og Yvonne er flinke til å lage mat! Me fekk verdens beste pizza, og til dessert fekk me iskake med heimelaga is og nøttebotn:

















Om søndagen var eg på besøk hos Toli på Minde. Vibeke og Siren var der óg, men dei gløymte eg å ta bilder av, fordi Endre var så fotogen.


Toli hadde ei Dea Trier Mørch bok som eg har leita etter i Danmark, men ikkje funne:



Mandagen kom Jens og Yvonne til Synnøve og Øystein. Her var menyen aure og fløytegratinerte poteter. Godt!: