fredag den 22. oktober 2010

Diverse

No er det lenge sidan eg har skrive/lagt bilder inn...Så her er berre eit lite minipotpurri liksom, av diverse frå den siste tida, av det som eg tilfeldigvis har bilder av:

Då eg budde i ein camphill for eit par år sidan, budde eg i same hus som ein familie der faren i familien var hare krishna OG kokk. Det syns eg var ein ganske god kombinasjon. Då eg gjekk på folkehøgskule for enno fleire år sidan hadde Hare krishna bevegelsen ein restaurant i København, der me av og til gjekk på fridagar og i tida etter. Men den brente ned for eit par år sidan. Så då er det jo bra at Hare Krishna av og til deler ut gratis mat på strøget.







Var på eit skrivetreff ein laurdag i oktober, som eg sist var på for tre år sidan. Me leigde eit lokale i Christianshavns beboerhus og alle hadde med seg ein rett til felles buffet. Benny Andersen og kona hans kom óg :-) Altså han som har skrive den der "...og om litt er kaffen klar" veit dåke.











Nær strøget var det ei fotoutstilling av ein svensk fotograf, som viste religiøse ritual frå heile verda. Då eg stod og tok bilete av bildene frå Nepal kom ein mann bort til meg og sa: "Hei. Det er eg som er fotografen"...Eg trudde han skulle fortelje meg litt om copyright..Men han skulle berre informere om ein konkurranse og ein butikk. Men apropos copyright så kan eg jo reklamere litt og fortelje at fotografen heiter Anders Ryman.





Så har eg hatt besøk av Trude B, som skulle på kurs i København. Me gjekk og gjekk og gjekk rundt i byen, og leita etter interessante kulturelle tilbod. Det var ikkje så lett på ein mandag. Men me fann litt.












Og elles så har eg jo flytta til Mjølnerparken, ein såkalla ghetto i Danmark. Likar meg godt her eg, og har berre møtt kjekke og imøtekommande naboar. (Einaste leilighetskomplekset eg har budd i der eg har visst noko om kven andre som bur i oppgangen faktisk)Fem forskjellige voksne naboar som eg har møtt tilfeldig på trappa har helst og ønska meg velkommen, og ungane eg har møtt i trapper og ute har m.a. sagt at dei syns eg har eit fint navn og at husnummeret mitt er yndlingstalet deira.

Statsministeren sa i opningstalen sin, fire dagar etter at eg flytta inn, at eitt av dei store satsingsområda den kommande perioden skal vere ghettoane. Som ein del av planen vil han rive bygningar ned. Dårleg idé syns eg. Det er jo ikkje bygningar og vegger som er hovudproblemet. Og sidan det ikkje er hovudproblemet bør vel hovudproblema fokuserast på først?? Syns no eg. (Biletet er frå ei avis)

Ingen kommentarer: