mandag den 24. september 2012

Gensyn med Nepal - 6


Eg fekk kjoept telefon og alt det der, med hjelp fraa medbrakt oversetjar og prisforhandlar. (Det gav meg kanskje eit lite innblikk i korleis dei psykisk utviklingshema eg jobbar med har det. "Ho skal kjoepe ein telefon") Nummeret er det same, men snart reiser eg jo..

Torsdag drog eg paa tur til eit tibetansk munkekloster. For aa komme dit skulle eg ta ein taxi. Manoj kom med tilbod om aa kjoere meg, men eg tenkte at det sikkert var tryggare aa ta ein taxi enn aa sitje bak paa motorsykkel (eller kanskje heiter det eigentleg moped) utan hjelm, naar eg skulle saapass langt.
Men..Eg veit ikkje heilt.
I taxien lukta det menneske-avfoering. Sjafoeren saag ut som om han var doeden naer, - ekstremt tynn og med manglande tenner. Bilen hadde det på same måte: Lause ledningar i samankroella kaos, og hol i veggene tetta til med solvpapir. Alt i bilen rista og skrangla og var laust. Heldigvis skulle me ikkje forbi skumle stup og slikt, men vegane i Nepal er daarlege. Ofte utan asfalt, og med STORE hol og STORE humpar og steinar, osv. Og bilbelte ser ein ikkje sarleg mykje til her. Saa eg sat og rista og vingla heile vegen, og lurte paa om eg kom til aa faa "shaken adult syndrom". ;-)

Innanfor klosteret sin store port var det stille. Veldig stille.. Nesten kjedeleg. Men eg fann spenning i tanken om at "No sit eg paa eit kloster i Kathmandu, saman med hundre munkar fraa Tibet" For det var jo eigentleg ganske eksotisk.
Elles rusla eg berre rundt paa omraadet og nedstirra munkane. Og saag paa flotte skulpturar og hagar og bedehjul og slikt. Og var innom ein liten butikk, der eg kjoepte ei gaave til soester synnoeve av ein munk.

Ein liten munk og utsikt over Kathmandu


Det stod store skilt paa omraadet om kva ein ikkje hadde lov til aa gjere, som f.eks aa vise interesse for det motsette kjoenn. Ein av reglane var at ein ikkje har lov til aa drepe, men eg presterte sjoelvsagt aa drepe ei floge akkurat daa to munkar gjekk forbi og saag paa meg. (Det var sjeolvforsvar! Eg sat og vifta med hendene og plutseleg var floga flat og vaat) Veit ikkje heilt om dei oppdaga det. Kanskje trudde dei eg var spastisk.

Klosterbesoeket endte med at Manoj kom og henta meg paa motorsykkel..Paa vegen heim kjoerte me innom ein park, der mange nepalesiske familiar var paa sondagsutflukt. (Altsaa bortsett fraa at det ikkje var soendag. Men ellers.) Ein kunne kjoepe noetter og popcorn i diverse bodar, og paa graset var det born og vaksne som song og dansa tradisjonelle nepalesiske dansar.



Fredag
skulle eg moete baade Manoj og Bishesh. Paa vegen til det foerste moete var det plutseleg ein mann som kom hoppande ut fraa vegkanten og ropte heeeeej! Det viste seg at det var Bhupi, leiaren av NGOen eg stoettar, - han eg aldri klarte aa moete i Balaju pga diverse kommunikationsproblem. Me laga ein ny avtale om aa moetast om soendagen, og han avtalte med nokon som jobba paa eit naerliggande hotell at dei skulle forklare vegen til den taxisjaafoeren eg skulle bruke.

Etter moetet med Bhupi gjekk eg for aa moete Bishesh paa cafe. Etterpaa var me paa "sightseeing" rundt omkring i Kathmandu. Etter cafe og tur med Bishesh hadde eg lunsjavtale med Manoj, og om kvelden skulle eg paa grillarrangement hos Shambu og familien i Patan.




Dei hadde og besoek av ei jente fraa Oesterrike og ein gut fraa Syria. Me grilla paa taket, og eg overnatta der. (Altsaa ikkje paa taket) Stod opp etter berre tre timars soevn, daa dottera for andre gong kom inn paa rommet og vekte meg og sa: "Kvifor er du eigentleg saa troytt??"


Eg hadde vestlandslefser med meg til dei. Me laga dei baade til kvelds og frukost, paa dottera si oppfordring, som syns det var kjekt aa laere korleis ein legg dei i bloyt.


Laurdag var eg paa besoek hos Sanju, ho eg jobba med sist eg var i Nepal. Sanju kjem fraa landsbyen med jobba i,men er blitt gift sidan sist, og bur no i Kathmandu. Mannen hennar jobbar i Quatar, saa ho bur i staden saman med ei yngre soester og ein yngre bror. Dei bur paa eitt lite rom, og har ein butikk tilknytta, der dei sel boeker.

Sanju og den afskyelige snemand








Soendag var eg paa tur med Manoj, og seinare skulle eg besoeke Bhupi paa NGO kontoret, etterfulgt av besoek paa barneheimen der sponsorungen min bur. Som eg skreiv var avtalen at taxisjaafoeren skulle sorge for at eg ikkje gjekk meg vill, men sidan eg allerede var ute paa tur og tilfeldigvis i naerleiken, endte det med at Manoj ringte og snakka med Bhupi, og fekk forklart vegen, og saa kjoerte han meg til VIN kontoret, og det endte med at han vart med baade inn dit og til barneheimen.


Paa barneheimen vart me moett av 12 ungar, fire faste voksne, og ein voluntoer. Voluntoeren var ei dansk dame paa 64 aar, som nett var blutt pensjonist, og som ville bruke fritida paa noko meiningsfult. Ho skulle vere der i 3 maanader.



Baade NGOar og barneheimar i nepal er ein jungel, der opp mot 90 prosent (har eg hoyrt) er korrupte. Den NGOen eg stoettar har eg hoyrt baade godt og daarleg om, men ingenting veldig daarleg, og trur dei er ok. Naar eg sponsorerar ein unge via VIN (NGOen) er det VIN som administrerar pengane, ikkje barneheimen. I dette tilfelle trur eg det er bra. Den danske voluntoeren paa barneheimen fortalte meg paa dansk at ho syns forholda paa barneheimen er bekymrande daarlege. Eg var litt i tvil om det var fordi ho samanlikna med danske forhold, eller om dei verkeleg berre var daarlege. Ho sa det var begge deler, men mest det siste. Ho fekk emailadressa mi, og skal skrive naar ho kjem heim.

Det var kjekt aa moete sponsorungen, Manawati (kalla Jeena) Sidan ho begynte paa skulen seint var ikkje engelsken hennar saa god, men me kunne snakke litt, og ho viste meg rundt paa barneheimen.










Om kvelden var eg paa cafe med baade Manoj og Shambu, og ei veninne av Shambu.






I DAG skal eg reise! Nokon paa hotellet spurte om eg ville med paa tur til ein plass eg har tenkt eg burde sjaa, men trur ikkje eg naar det.Tirsdag morgon er eg i Danmark, og tirsdag sein kveld er eg i Bergen! :-) Skal vere i Bergen til cirka 30 september. Gler meg :-)

Ingen kommentarer: