torsdag den 20. maj 2010

Kvifor skrive blogg? Argumentasjonsliste.

Eg syns at eitt av dei kjempegode argumenta for å skrive ein blogg om omtrent ingenting, er at før i tida tok eg (og mange andre) så mange bilder. Alt vart dokumentert. Pizza i Siren sin sofa, katten til naboen, sommarferien, reiser osv. Etterpå framkalla me bildene og gleda oss til å sjå dei. Men no tar alle digitale bilder, og det er sjeldan eg ser andre folk sine bilder i kategorien ”bilder som eigentleg ikkje betyr noko”, som t.d pizza i nokon sin sofa. Sånn liksom: ”Sjå, så gjorde me det, og så åt me det, og så var det dei og dei som var der.” Derfor er det jo ein kjempegod idé å vise desse bildene her, sant? Og her kan ikkje facebook stele dei eingong.

Andre gode grunnar, i tilfelle de ikkje vart overbeviste:
1. Eg skreiv reiseblogg medan eg var i både Nepal og Irland, og det var kjekt. Og sidan eg no reiser i Danmark (Er jo norsk) må eg jo nesten skrive reiseblogg herifrå óg.
2. Det er viktig å vedlikehalde språket. Til dømes så er det viktig å vedlikehalde norsk, fordi eg er nordmann i utlandet. Dersom eg ikkje vedlikeheld det her gløymer eg det kanskje!
´Men det er óg viktig å vedlikehalde dansk. No skriv eg jo ikkje oppgåver og slikt lenger, og det betyr med andre ord mangel på vedlikehald. Skriftleg dansk er viktig å kunne i danske jobbar, til dømes når/dersom eg skal jobbe med dokumentasjon og handleplanar i pedagogisk arbeid.
3. Det er sikkert berre sundt med ein kontinuerleg og positiv fokus på eige engasjement, aktivitetar og gjeremål. Sjølvhypnoseaktig på ein ”sjå kor kjekt”-aktig måte.
4. Vibeke treng inspirasjon til den bloggen som ho eigentleg svært gjerne vil skrive (sjølv om ho kanskje ikkje veit det sjølv enno) medan ho er i Uganda ;-)
5. Det er ein god måte å halde kontakten på med folk som bur langt vekke. God oppdateringskanal.
6. Facebookstatusfeltet er alt for lite, og facebookbildene blir teke av facebook, som gjer dei til sine eigne. Her vert begge dei to problema løyst på ein gong.
7. Det å skrive blogg kan eg bruke som overspringshandling! Og ei overspringshandling kan ein jo altids få bruk for..
Som ein ekstra bonus (gåve til dykk) kan bloggLESING óg brukast som overspringshandling. (Velbekomme Synnøve, og god fornøyelse med eksamenslesinga ;-)

Ingen kommentarer: