torsdag den 20. maj 2010

Hurra for 17.mai!

I år var eg skikkeleg 17-mai-sprek. Mykje meir enn eg nokon gong har vore i Norge. Prøvde å lokke nokre danske vener med meg, men neida, dei ville heller på jobb. (Sjølv om eg lokka med potetløp og greier)

Først var eg på 17-mai gudsteneste. Det handla mest om å synge norske songar og slikt, t.d Fagert er landet og nasjonalsongen. Nokre songarar oppførte "Ved rondane", "Norge mitt norge" og "Over de høje fjelde".

Etter gudstenesta gjekk eg faktisk i 17-mai tog (Var eigentleg meininga at eg berre skulle sjå på det, men så gjekk eg meg vill og oppdaga at eg stod midt inne i det.)

Utruleg så mange folk det var! Altså, det var jo ein heilt vanleg mandag midt på dagen. Men var kjempemange folk iallefall.
Då 17-mai toget hadde gått frå vor frelsers kirke (Der gudstenesta var) til den norske, var det tale og song. (Ei dame som stod bak meg sa: "Denne songen har eg aaaldrig høyrt før", om Gud signe vårt dyre fedreland. Ei anna dame bak meg sa: "Eg har aldri vore begeistra for 17mai feiring i Norge, men dette her var faktisk veldig kjekt")

I den norske kyrkja kjøpte eg rømmegraut sjølv om eg ikkje likar det, berre for å understreke at det var 17.mai. Så vafler. Så heim.






Ingen kommentarer: