mandag den 31. maj 2010

Folk frå Stord og Tyrkia og Østerbro

Fredag kveld var eg på besøk hos Camilla og Knut, som kjem frå Stord og Hagastølen, men som bur i København nett no. Eg tok ingen bilder, så her er nokre stikkord til eiga visualisering:
Pizza,
leika frisør (med dottera deira altså),
musikk,
torden (men óg sol),
sykling på kvit sykkel,
fjernsyn,
pianospeling,
jordbær
og is.

- - - - - -

Lørdag morgon møtte eg ein tyrkisk turist fordi eg skulle vise han rundt i København. Me var m.a. på havnerundfart, klatra opp i eit kyrkjetårn osv. Medan me gjekk ein tur rundt Christiania møtte me plutseleg ein stor hund som kom springande målbevisst rett mot oss, medan den bjeffa og oppførte seg veldig truande. Me (og ein turistfamilie som gjekk tur rett bak oss) prøvde først å stå heilt stille, men hunden fortsatte å snike seg rundt oss og begynte å knurre. Så prøvde me å liste oss baklengs, men den fulgte etter og trua og knurra kvar gong me bevegde oss. Fleire skremmeforsøk vart gjort mot hunden, men ingenting hjalp. Til slutt vart den trua med ein stokk og først då gjekk den LITT vekk, så me kunne snu og gå tilbake for å leite etter ein annan sti.














- - - - -
Seinare var eg ein tur i Fields saman med Elsebeth og dei førebels relativt usynlege tvillingane hennar. :-)



Ingen kommentarer: