lørdag den 9. marts 2013

Kathmandu (1)

No er eg her igjen! I Kathmandu. :-) Foeles ikkje som om det er saa lenge sidan sist, og det er det jo ikkje heller. Gateselgarane i turistgatene er einige: Paa vegen her til internett-cafeen moette eg to forskjellige gateselgarar som sa: "Hei, velkommen tilbake!" Eg bur paa same hotellet som sist, og til og med paa det same rommet. Men det er tilfeldig altsaa.. Er ikkje blitt autist.
Planlegginga av turen var like mykje i siste oyeblikk som sist. Sprang forbi ambassaden foer jobb om fredagen for aa fornye passet, kjopte flybillett om lordagen, bestilte reisevaksinasjonar om sondagen, fornya vaksinasjonane om mandagen, og reiste om tirsdagen.

Ankomsten til Kathmandu var litt annleis enn den pleier. Det pleier aa vere kjempekaotisk,- masse masse masse folk som kjem og spoer om eg vil ha taxi, til alle moglege merkelege prisar, og folk som tar bagasjen fraa ein og deretter seier at dei skal ha pengar fordi dei hjalp til. Deretter kaotisk trafikk og braak paa vegen inn til sentrum. Denne gongen var to ting annleis:
1.Manoj hadde sagt han ville komme og moete meg paa flyplassen
2.Det var streik!
Eg var litt i tvil om M kunne komme som avtalt, for om eg tidlegare har fortalt saa betyr streik at all transport er kjempeforbudt. Eg lurte og paa om det gjekk an for meg aa komme meg fraa flyplassen til byen, men det gjer det, for ein saerleg turistbuss er lov..
Men han var der daa eg kom, og var den foerste eg saag. Hadde parkert motorsykkelen eit stykke fraa sentrum (han bur langt utanfor), saa gaatt det siste stykke inn til sentrum, saa snike seg paa ein turistbuss. Saa det var jo bra, saa slapp eg aa begynne turen med forvirring, i kombinasjon med baade troytthet etter lang reise, og bagasjebering.
Turen inn til sentrum var rolegare enn den pleier, pga trafikkforbudet, men me havna likevel i ein taxi..og det var som alltid eit myldrane folkeliv overalt. Saa heilt annles var det ikkje likevel.

Eg har ikkje gjort saa mykje kjempeeksotisk inntil vidare. I gaar var eg paa tur med Manoj og dottera hans (Som eg motte for forste gong, men har sett ho paa skype) Me kjoerte (ca ein halv time) til ein dyrehage i Patan, - tre personar paa ein motorsykkel i kaotisk trafikk. Ei av dei tre ei sovande jente paa fem aar utan hjelm, som eg skulle halde fast. Gurimalla. Men var visst berre eg som syns det var litt rart.

Eg har forresten funne ut at det ligg eit norsk guesthouse i Patan. Eksotisk.

Seinare i dag skal eg moete Manoj igjen, og i morgon skal eg besoeke Shambu.
No skal eg ete.


1 kommentar:

Yvonne sagde ...

Så bra at du kom fram til tross for streik. Kosa deg masse. Nyt ferien og Kathmandu:-)