søndag den 6. juni 2010

Vegetarisk søndagstur

Nokre bilete frå eit "vegansk is-arrangement" eg var på i dag, og som var arrangert av eit vegetarforum eg er medlem av.

Først kjøpte me vegansk is på Frederiksberg. (=Laga av rismelk i staden for melk/fløyte. Eg er jo "berre" vegetarianar, men dei fleste andre som var der er veganarar. For dei som ikkje veit kva det er, så betyr det at dei ikkje berre unngår kjøt, men óg melk, egg og honning, og at dei heller ikkje brukar f.eks sko som er laga av skinn. Ingen animalske produkt, med andre ord.)

Etterpå sat me i Frederiksberg have eit par timar, før me gjekk vidare til Søndermarken og spelte "rundbold". (Kva heiter det på norsk eigentleg? Trur ikkje det er eit ord eg har brukt særleg mykje sidan eg gjekk på Rommetveit skule. :-)
























Ingen kommentarer: