søndag den 13. juni 2010

Ghettogirl

Eg har fått tilbod om ein leilighet i Mjølnerparken frå 15.september. For dei (nordmenn) som ikkje veit kva Mjølnerparken er (for alle danskar veit det nemleg) så er det ein ”ghetto” i København. Det er m.a. difor eg har fått tilbodet. Fordi eg ikkje heiter Mohammed og kanskje fordi alle andre som fekk tilbodet sa nei. Iallefall, eg har på ein måte sagt ja. Manglar å betale depositum og skrive under på kontrakten. Klarar ikkje heilt å bestemme meg for om det er ein god idé eller om den berre er dårleg. Veit heller ikkje om eg klarar å betale depositum, som skal betalast seinast 9.juli, men det er ei anna problemstilling.(Kommunen er i nokre tilfelle forplikta til å hjelpe med dette når det er ein av kommunen sine leilighetar ein skal flytte inn i, men eg er ikkje heilt sikker på om eg + leiligheten lever opp til dei krava som gjeld. Dersom ikkje, kan det jo bli litt vanskeleg å skaffe 19500 på 3 veker.) Men dersom det går bra, så er det cirka 100 % sikkert at leiligheten er min. Men er det ein god idé?

Minusliste:
- At det er i Mjølnerparken. Eg skal ikkje gå i detaljar (kriminalitet osv),for det gjer dei i avisene. Ingen grunn til å skape dårlege bilete heller, for folk som ikkje kjenner ryktene om plassen. Dei vil sikkert få betre inntrykk av staden når dei kjem på besøk enn dei som kjenner staden primært frå diverse medier.
- Den er dyr å bu i.
- Eg må forberede meg på å ofte ha slike irriterande samtalar som dette:
”Kvar bur du?”
”I Mjølnerparken”
”I MJØLNERPARKEN?!”

Plussliste:
- Eg får ein 3 roms leilighet! På 83 kvm! Stove, kjøkken, bad, soverom og gjesterom. Og altan! 3 roms leilighetar er elles noko ein aldri får tilbod om dersom ein skal bu der aleine. Grunnen til at eg likevel får denne, er at ved å tilby 3 roms leilighetar i ”belasta område”, kan kommunen lokke meir ressurssterke folk til å bu der.
- Gjester treng ikkje lenger sove i stova men får eige rom.
- Eg får ein stabil, permanent bustad som berre er min, og som ingen kan kaste meg ut frå og som ingen bestemmer korleis eg skal male, og som eg i teorien kan bu i til eg blir 100 år dersom det er det eg vil. Aldri meir flyttestress før eg sjølv velger det. (Leiligheten eg bur i no må fråflyttast seinast 30.september)
- Eg står framleis på to andre ventelister, så sjølv om eg seier ja til denne har eg på samme tid mulighet for å få andre gode tilbod etter nokre år, så dersom det viser seg at det er dårleg å bu der har eg mulighet for ombestemmelse seinare, og står samstundes ikkje utan leilighet frå september når eg manglar stad å bu.
-Altan. Har sett den utefrå og augnamålt at det er plass til både kaffikoppar, teppe, pledd, kake og postkort med blomar på og ein kulepenn.
- Ein ghetto i Danmark er jo ikkje det same som ein ghetto i f.eks Kenya eller Sør Afrika. Alt er relativt. Og det er altså ikkje snakk om ein heil bydel heller eingong. Det er berre ei gate, eller eit område med nokre leilighetskompleks. Dersom ein berre går nokre få METER lenger vekk, er ein i diverse boligområde som er heilt normale og ikkje ghettoaktige.
- Det er benker og bord utanfor bygninga, så ein kan sitje og drikke kaffien sin i sola når det er sommar..
- Området ligg i København (Nørrebro), og ikkje i ein eller anna forstad utanfor byen. Så det er kort veg til alt, både butikkar, caféar osv.
- Det ligg rett ved sida av både busstopp og togstasjon.
- Alle andre ”boligtilbod” (= tilbod som vert sendt ut til mange) som eg får (no etter 7 år på venteliste) er små, skumle 1-roms leilighetar på 37 kvm som er dyre i forhold til størrelsen og som ligg laaaangt utanfor byen. (F.eks Taastrup)
- Og enno ein gong: Dette er ein treroms leilighet på 83 kvadratmeter.

Så eg kan liksom velge mellom to ting:
1. ”Håpe” at eg får ein liten, skummel 38kvm bolig i ein skummel forstad, f.eks den dårlege delen av Taastrup, der det óg er kriminalitet. Evt stå heilt utan leilighet når eg må flytte i september. Evt finne diverse framleige, og så flytte inn i nytt framleige, og fortsetje slik.
2. Flytte inn i eigen 3 roms leilighet i Mjølnerparken.

Medan eg skreiv dette har eg nesten klart å overbevise meg sjølv om at istaden for å bruke energi på å lure på om eg skal sei ja eller nei så skal eg bruke energien på å halde fingrane kryssa i forhold til å kunne betale depositumet. Eg (trur eg) tar den dersom eg kan.



Ingen kommentarer: