Løves bogcafé er ein koseleg café! Har vore der mange gonger, og hugsar at første gongen var det som å finne ein skatt i ei perle...skulle eg til å skrive , haha..nytt uttrykk. I byrjinga er den litt vanskeleg å finne, for ein trur ein har gått feil. Frå gata (Vesterbrogade)skal ein gå inn i ein slags arkade. Inni denne arkaden/gangen er det masse butikklokale, men alle butikkane er nedlagt, så det er berre masse tomme rom.. Men når ein har gått forbi masse tomme butikklokale openbarar plutseleg denne perla seg, midt inne i gangen. Dei har f.eks kaffi & heimebakt brød og diverse anna smått, og så har dei te frå Tante T, -som er ein annan yndlingscafé. Og så har dei masse bøker, som ein kan kjøpe, og eit antikvariat rett ved sida av. Og god stemning.:-)


Ingen kommentarer:
Send en kommentar