Lenge sidan eg har skrive no, primært pga manglande internett. Bloggen er litt fotodokumentasjonsaktig for tida, og her kjem litt meir. Sommarbilder. Så varer sommaren litt lenger.
I juni hadde eg besøk av jens og yvonne. Det kombinerte me med årets første bad i sjøen, dei kom på nokre av dei aller varmaste dagane her. 28 grader var det på det varmaste.
Jens og Yvonne i Somalia. Nei. Mellomøsten. Nei. Nørrebro.
Jens leikar veganer, med soyayoghurt og bønnepostei. Litt skeptisk ;-)(Men det høyrer med til historia at han pakka fleire boksar bønnepostei med seg i bagasjen då han reiste)
Dei måtte sjølvsagt jobba for opphaldet ;-)
Assistents kirkegård på Nørrebro. Her ligg blandt andre HC Andersen.
Svaneliv på Nørrebro..
..og Christiania.
På vietnamesisk restaurant.
På havnerundfart. (La du merke til den lille havfrue?)
I tivoli!
Dette er kanskje det siste bilete som er teke av kulturscenen ved Mjølnerparken. Den brente nemleg få dagar seinare!
Yvonne med Mjølnerparken i bakgrunnen.
Dagstur til Køge, ein dag då alle togturane var gratis.
På vegen tilbake frå Køge stoppa me ved Solrød Strand og bada.
Ingen kommentarer:
Send en kommentar