torsdag den 9. september 2010

Flytteførebuingar

Er i full gang med å pakke ting ned i flyttekassar no. (Mønsteret eg jobbar etter er dette: Rydde, pakke, rote, rydde, pakke, rote, rydde, pakke, rote.) Begynte faktisk i kjempegod tid med å sortere og kaste og systematisere, så eg kunne få ekstra god tid når flyttinga nærma seg + sleppe å ta med meg ting eg aldri brukar. Så allerede midt i august hadde eg pakka 12 flyttekassar. No gjenstår primært å pakke ned kjøkkenet (Det er der eg rotar) og finne ut korleis eg skal demontere pianoet, sidan eg ikkje blir kvitt det på andre måtar. (Det er gammalt og virkar svært dårleg, og ingen vil ha det + det er kjempedyrt å få det flytta) Har ei sag og diverse skrujern, så må eg sjå kor langt eg kjem med det, hehe. Problemet er at eit piano ikkje berre er laga av tre jo..eg forestiller meg at skjelettet blir ei utfordring når det skal berast ut. Så langt har eg berre skrudd lysestakane av. (Og pakka dei fint ned i ein kasse...)


Halve soverommet og eit hjørne av stova ser slik ut no:







Ein kasse full av mat og ein annan kasse full av "papir og hobby". Eg tenkte at det kunne vere kjekt og smart å kjøpe og samle diverse basismatvarer denne månaden, og så pakke dei ned etterkvart, slik at eg kan fylle opp skapa med det same eg har flytta. For det er jo kjekt.. :-)







Eg reknar med å flytte allerede om ei veke. Enten rett før eller rett etter neste helg.

Ingen kommentarer: